Team Randesund

01 juli, 2006

Førsteinntrykk

Sjå for deg at du står i eit gatekryss. Husa er måla i sterke fargar, krydderlukta riv i nasa, bilane tutar. Ein gjeng skjeggete karar i cowboyhattar rir forbi medan dei skrik ut spanske gloser, og frå gatekaféen høyrer du trompetar og latinske rytmer. Filmscene? Klisjé? Nei, - Mexico!

Eg tek meg sjølv i å le av kor mexikansk Mexico faktisk er. Det er spesiellt å kome til eit land som er så kulturelt reint, så ekte. No sit eg i på ein internettkafé i Tepic, eit gatehjørne med nokre slitne datamaskiner og tastatur utan æøå. Alle menyar må tydast og oversettast, norske bokstavar må klippast ut og limast inn, men heile situasjonen er tross alt utruleg sjarmerande.


07:00-08:20Kristiansand - Oslo (SAS)
09:40-11:40Oslo - Frankfurt (SAS)
14:10-05:00Frankfurt - Mexico City (Lufthansa)

Vi er med andre ord vel framme! I påvente av jetlag og akkutt søvnmangel er vi framleis i godt humør og ved god helse. Konsekvensane av å flytte på netter og morgonar vil treffe oss litt forskjellig, men det tek vi som det kjem, og hugsar spesiellt på dei som hadde ein maskot på 1½ år i fanget heile vegen.

Vi kom til Mexico City rundt klokka 22:00 lokal tid. Byen ligg sju timar bak Noreg, så i praksis var klokka meir som 05:00, men det hindra oss ikkje i å få bakoversveis og hakeslepp om kvarandre i det vi innser at husa vi har flydd over dei siste 15-20 minutta er ein og same by! Mexico City er gigantisk!

Nokre kjappe fakta:
- byen ligg ca. 2300 meter over havet
- 18+ mill. innbyggarar
- 5 mill. av desse er europeiske immigrantar
- det var OL her i 1968
- metrosystemet er værdas største

Etter å ha tatt ut 2000 pesos kvar (1 krone = ca. 1.8 pesos) tok vi taxi heim til Clemente Durans tante Letti og onkel Lorenzo. Brorparten av huset deira minnar mest om ein bakgård/gang/garasje/hage, men veldig koseleg med planter, tre og fuglar i bur over alt. Spesiellt. Det er rart å sjå den relativt lave standarden kombinert med heile fem TV-apparat, X-Box, DVD-spelarar, osb. Vi finn sengene våre ganske omgåande og nyt innandørs fuglesang dei få sekunda det tek oss å sovne.

Eg blir frivillig med Clemente og tante Lettis søster ut for å handle frukost neste morgon. Lokale mexikanske daglegvarebutikkar viser seg å vere små rom rett inn frå gata, med ein mann bak eit gitter. Han sel stort sett chips, brus og snop, samt nokre få skikkelege matvarer som lyst brød (luft med skorpe rundt), lyse rundstykker, egg og ost. Det er sistnevnte vi er ute etter. Så går vi vidare til eit hol i veggen. Innanfor står det ein mann og ei juicepresse. Vi bestiller fem liter appelsinjuice og mannen med juicepressa set i gong. 20 minutt tok det, medan vi står på fortauet og ventar. Eg tok til å fatte omfanget av begrepet "Mexico-time". Det er forresten verdt å vise logoen til Mexicos største brødprodusent:


Seinare testa vi ut metrosystemet og rusla litt rundt downtown, før ungdomspastor Colin Atkinson blir henta på flyplassen. Han skal vidare til heimlandet Canada om to veker, og reiste difor med eit anna flyselskap. No er teamet komplett, og vi set oss på bussen mot Tepic, vel 10 timar mexicansk kjøring frå hovudstaden.


No er vi altså her, - framme! Det er her vi skal bu, jobbe, sove, ete og fungere ein månad framover, i regi av La Fuente (Kilden), kyrkja som Clemente og Anita høyrer heime i. Meir om livet her i Tepic kjem i neste innlegg. Spør gjerne spørsmål, som sagt, i kommentarfeltet eller på mail. Hasta luego!

4 Kommentarar:

2:39 p.m., sa Blogger Tybakken

Takk Gud for at dere er vel framme! Fantastisk å lese skildringene, jeg er tlbake i gatene. Jeg smiler bredt når jeg tenker på at dere er der hvor vi også har opplevd så mye gjennom flere år. Skulle så gjerne ha vært der med dere! Vi gleder oss veldig til fortsettelsen. Vi ber ustanselig for dere!

Dios les bendiga (eller noe sånn)

FogC

 
11:38 a.m., sa Anonymous Anonym

OIOIOI!!
Endelig skal jeg få sende en tilbakemelding til dere HÆRLIGE mennesker som er i Tepic!!
Slik du skriver det Sæbjørn, er EKTE!Alt som står er akkurat sånn jeg husker det!
Det skulle vært hærlig å få høre litt mere fra dere snart!
Love you team Randesund!

Gud velsigne dere!

Hils Güillo fra meg og si at han er gordito!!!!!!

 
4:25 p.m., sa Anonymous Anonym

I'm impressed with your site, very nice graphics!
»

 
1:15 p.m., sa Anonymous Anonym

Topp blogg og flott og levende skrevet av Sæbjørn. Vi følger med dere og ber for teamet. Guds velsignelse over dere alle. Hasta luego!

 

Legg inn en kommentar

<< Tilbake