Team Randesund

16 juli, 2006

Halvvegs

Mellom måltid, aktivitetar og stengetid her på kaféen må eg lure meg ned på stolen i korte perioder, prøve å lappe saman eit innlegg over tid. Så mange opplevingar, så mykje å skrive om. Vi har det rett og slett muy bien!

07:30Stille stund
08:00Møte ang. stille stund
08:30Frukost
09:00Aktivitet/oppgåve
13:30Lunsj
16:00Aktivitet/oppgåve/gudsteneste
19:30Middag
21:00Teamsamling (annankvar dag)

Virtual Mexico
Grunnen til når du vaknar kan vere så mangt. Sidan du neppe er utkvilt og difor vaknar av deg sjølv, er det mest sansynleg bjeffing frå ein laushund. Eller kanskje kjenningsmelodien til ein av propanselgarane, store bilar med gassflasker på lasteplanet og megaofon ut frontruta. "Gaaaaas!", frå klokka halv seks og utover. I det siste har det blitt meir vanleg med vekking, så det kan faktisk vere Silje eller Inger Malene på døra. Det er i alle fall på tide å stille seg i dusjkø.

Etter å ha klemt inn både dusj og stille stund på ein halvtime, set du deg ned ved kjøkenbordet saman med resten av teamet. Nokon deler det dei har lest, noko dei har følt, tenkt, kanskje ei oppmuntring. Teamet ber saman, og legg dagen i Guds hender. No er det fem minutt til frukost, akkurat den tida du treng til å gå til kyrkja.

Som om du ikkje er groggy og tørst nok frå før, får du nachos og brune bønner til frukost. Flaks. Heldigvis er det noko nytt kvar dag. Det er litt rart å ete midt i kyrkjesalen, spesiellt når eit par amerikanske ungdommar sparkar fotball under galleriet og lovsangsbandet øver på scena samtidig. Du får i alle fall i deg bønnene og varma opp engelsken din, då tre nasjonar er representert rundt bordet.

Klokka ni set du deg i ein av kyrkja sine vans. Digre, amerikanske "familiebilar" med kapasitet opp til 14 personar. Sjåføren er den same kvar dag, kan engelsk, og blir omtrent del av teamet. Gode vener. Fantastiske folk! Turen går ut i felten, på humpete vegar opp fjellsidene på jakt etter ufrelste indianarar, til ungdomsfengeslet, til parken for å møte borna frå den kristne barneheimen, til ei kyrke for å male eller luke, - det varierar veldig. Du har med deg ein fotball, ein frisbee og rekvisitar til undervisning.

Etter lunsjen, tilbake i kyrkjesalen, har du ein time siesta. Då skjer det som regel ingen ting, og du får slappa av, lest i Bibelen, henta klé på vaskeriet og ete ein Oreo-is. Så er det ut igjen. Klokka er fire, og du blir plukka opp av vanen utanfor teamhuset. Nye eventyr, nye inntrykk.

Alt etter kva dag det er blir middagen før eller etter gudstenesta. Onsdagar og fredagar er det møter på kvelden, og sidan kyrkjesalen blir brukt til absolutt alt, må matinntaket settast på vent. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Maten er alltid nydeleg, servert av smilande mexikanarar som praktisk tala bur på kjøkenet for di skuld.

Sliten i kroppen og svett i skjorta er det naturleg å legge seg, sidan programmet er over, men det er no Anne May finn fram is og brus og alle inviterte gjestar kjem ned til teamhuset. Sjåføren er sjølvsagt der, amerikanarar som har praksis i kyrkja, ho som hjalp deg å oversette talen under gudstenesta, m.fl. Veldig koseleg!

Vanlegvis går det greit å få sove, men akkurat i dag måtte nokon sjølvsagt leige festlokalet rett over gata. Bryllaup. Flott. Den meksikanske tradisjonen med "la banda" gjer sitt inntog: kvitkledde menn med svulstig vokal, klarinettar, trompetar, tromboner, store lunger og ein enda større tuba. Værdas største tuba, faktisk. Tequilaen sit laust og glasrutene ristar, det heile er ein parodi. Utan øyreproppar er du ille ute.

God natt!

Dineros
Både tidsskjemaet og den virtuelle dagen er veldig omtrentlig. Heldigvis varierar alt, så dagane ikkje blir til rutiner. Veldig bra. Når vi ein skjeldan gong har ein bolk med fritid tek vi gjene taxi til byen for å handle ting vi meir eller mindre treng. Prisnivået her er skummelt lavt til tider! Nokre eksempel:

Taxi kor som helst i Tepic11 kr.
15 min. på internettkafé1 kr.
Snytgod heimelaga is, tre kuler5 kr.
0,6l brus, f.eks. Coka Cola4 kr.
Tallerken med sjømat45 kr.
Taco med valfritt innhald5 kr.
Å vaske alt du har med deg20-30 kr.

Som de forstår strekk pengane ganske langt her nede. Ei krone er verdt rundt 1,8 pesos, så vi delar på to og legg på litt. 20 pesos er 11 kr. Enkelt. Sko er populært, då merke som Puma og Adidas har fabrikkar her. Sjå for deg 80-90% avslag på nye modellar som seint- eller kanskje aldri når Noreg.

Crew
Vi er ikkje åleine som utanlandsk team, - La Fuente Minesterios har til ei kvar tid to, tre team i omløp. Alle med stramt program. Nokon er 12-13 personar, andre er over 40. Nokon er her ei veke, andre opp til 10 dagar, og så har du oss: ein månad. Vi ser team komme og gå. Alle vi har møtt til no har vore frå USA, men dei får og inn team frå Canada.

I tillegg til dei frå utlandet har La Fuente ein heilt fantastisk gjeng her i byen. Åtte pastorar, nokre få lønna arbeidarar, og ein stor gjeng med frivillige. Desse menneska har ein energi, eit lynne og ei givarglede som er heilt enorm! Verkelege førebilete for oss trøyte, kalde nordmenn, - her har vi verkeleg noko å lære. Det er så inspirerande å sjå ein slik levande kyrkjelyd! Dette blir hyppig diskutert innad i teamet, ja, vi er heilt betatt. Viss eg måtte velge kun ein ting å ta med meg heim, hadde det blitt mexikansk blod i årene!

Det er mange utfordringar som kjem i tillegg til dei faktiske aktivitetane. Varmt vér, trøyte bein og ustabile magar er nokre få eksempel. Til no har vi berre hatt eit par tilfelle av alvorleg sjukdom, men det meste går fort over. Som ein del av leiartreninga skiftar vi på å vere "dagens sjef", og det byr på utfordringar både for sjefen sjølv og for dei rundt. Det er ikkje alltid like enkelt å gi/motta ordrer, så her har vi alle noko å lære.

Nokon av oss har blitt spesiellt utfordra på det å stå for program. Colin har talt i ei av dei nyplanta kyrkjene, Anne May, Inger Malene og Birgitte har eit opplegg for born, Silje og Sæbjørn har talt og holdt vitnesbyrd i ungdomsfengselet, Kjetil har delt liv i ei gruppe for menn, og samla ber vi stadig for familiar og enkeltmenneske både ute i felten og inne i kyrkjene.

Om ein time reiser vi til Guadalajara, Mexicos nest største by. Der blir vi til i morgon, fridagen vår, saman med to vener/sjåførar/tolkar. Framover er det sommarleirar for born på programmet, så neste veke blir hektisk.

Det blir diverre lite tid til å skrive. Eg skal prøve å oppdatere hyppigare framover, og ikkje minst få ut nokre bilete. Bønnetema er dei same som før. Takk for all støtte!

6 Kommentarar:

2:25 p.m., sa Anonymous Anonym

Den oppdateringa tar kaka:) Bra jobba Sæbjørn! God tur til G(gidder ikke å stave det ordet nå) Det er en flott by. Nå skal det soves her i Norge.

Gud velsigne dere rikelig!

Johan

 
1:50 a.m., sa Anonymous Anonym

Halleluja! Endelig fart på bloggen! Høres ut som at det skal bli en minnerik tur ja! Sæbjørn, vi vil veldig gjerne høre mer av hjertet deres også, som hva gjør Gud med dere. Ellers kunne det vært interessant med navn på disse tolkene/vennene deres. Det kan jo godt være vi kjenner de godt.
Ellers skriver du veldig flott!
Kjemp den gode strid, gi alt for Guds rike!

Dere er i våre bønner!

F&C

 
7:31 a.m., sa Blogger Sæbjørn

Takk for tilbakemelding, folkens! Eg har sei0st lite tid til skriving, sA det har blitt litt spreidt. Uansett, F&C, eg ser og noterer 0nsket, dog det er litt vanskeleg A skrive om f0lelsane til andre pA teamet. Dei mA nesten skrive om det sj0lv. Dersom eg faar tid har eg lyst til A skrive om mine eigne f0lelsar, men dA blir det i tilfelle pA min personlege blogg. Kanskje det blir meir tid til veka, eg veit ikkje. No skal vi i alle fall ut i Guadalajara city, det er heilt sikkert! We snakes.

 
9:05 a.m., sa Anonymous Anonym

Vidunderlig!
Guadalajara er en spennende by! Slapp av og nyt livet der nede i det varme fantastiske land!
We love you all folks!!

 
11:35 p.m., sa Anonymous Anonym

Spennende lesing! Det er jo så en får lyst til å dra...

Malvin

 
4:25 p.m., sa Anonymous Anonym

I say briefly: Best! Useful information. Good job guys.
»

 

Legg inn en kommentar

<< Tilbake