Team Randesund

28 juli, 2006

Mellom palmar og sand utmed havet

Turen syng på siste verset, berre goodbyes og turen heim gjenstår. Heldigvis er det på siste verset ein tek skikkeleg i og syng for full hals!

Eg trur dei fleste av oss er einige i at den siste tida har vore den beste. Den siste veka her i Tepic var kanskje hektisk, men viste seg å bli desto kjekkare. Vi fungerar best under press, tydelegvis. No har vi nettopp kome heim frå Puerto Vallarta og "Paradise Village" etter fire fridagar med sol, solseng, meir sol, for lite solkrem og difor solbrent hud.

Ein av grunnane til at det var hektisk her i forrige veke, var den tidlegare nemnte KMV-festivalen (Kairos Mision Verano / "Time of God" Mission Week). Dei som melder seg på, blir sendt ut på gata i Tepic for å misjonere. Rett og slett. Team Randesund og eit team frå San Fransisco var med som deltakarar, på lik linje med dei rundt 90 ungdommane. Du betalar ca. 35 kr. for ei t-skjorte og felles måltid, så ventar det møter og teneste dagen lang.

Deltakarane blir delt opp i grupper, der og vårt team blei splitta. Kvar gruppe skal igjennom tre forskjellige oppgåver: vasking av frontruter, pussing av sko og utdeling av snop på bussar. Gratis. Målet er å kome i kontakt med menneske, fortelle om Jesus og kyrkja, dele ut flyers, osb. Det er begrensa kva du får formidla når du heng inn sidevindauget på ein bil forran raudt lys som snart blir grønt, medan kameraten din kostar skum for harde livet, men sjølve handlinga formidlar noko i seg sjølv, lik Jesus då han vaska føtene til læresveinane.

Det er verkeleg interessant å sjå og oppleve desse frimodige metodene, og ikkje minst gjer det inntrykk når ungdommane går ut i gatene med ei slik glede. Glede! Her er det ingen sure miner, nei, dei er reint hissige på å kome i kontakt med framande. Det er ingen som lurar seg unna, ingen som ikkje gidd, - til og med dei tøffe gutta' spring aggressivt frå bil til bil med kost og svamp, flyers og bodskapen om Jesus. Ja, dei er av dei ivrigste. Dersom du les dette og har jobba med norsk ungdom, høyrest dette mest sansynleg ut som ein fantasi, ein deilig draum. Vi, leiarar, har litt av ei utfordring heime i kalde, borskjemte, innadvendte, alt for rike Noreg.

Parrallelt med KMV deltok vi og på VBS i ei av dei nyplanta kyrkjene. VBS står for Vacation Bibleschool og er to-tre dagar med bibelundervisning, mat og moro for born. Opplegget turnerar frå kyrkje til kyrkje i sommar, og vi var med når bydelen Tierra y Libertad sto for tur. La Fuente har tre nyplanta kyrkjer i Tepic-området, i tillegg til hovudkyrkja, der denne er omlag åtte år gammal.

Vi sto for eit dramastykke i fult piratkostyme blandt pappalmar og kononkuler av isopor, samt hjalp til med mat, lovsong og handarbeid. Det var omlag 80 born inne i det vesle kyrkjerommet på det meste. Desse dagane fekk vi sjå kor mykje du kan gjere med lite, ein verkeleg augeopnar for kravstore nordmenn. Sjølv om kyrkja er vel åtte år gammal er bygget knapt meir enn ei stor garasje sett i norske auge, med plastbord og hagemøblar, betonggolv og dårleg ventilasjon.

Men kven treng vel aircondition og parkett når Jesus er nær og sprell levande meksikanarar lovpriser Gud. Skjeldan har eg kjent Guds nærleik slik eg gjorde under gudstenesta ein av kveldane, det var like før eg gjekk i bakken. Pastor Pochos bodskap er klinkande klar når han ropar til meg i bøn, den rike, kravstore nordmannen eg er: "Use what you've got! You don't need nothing, man! Nothing more! You have it all!". Ja, sanneleg, alt eg treng er ei stor garasje og Jesus.

Når veka var over og både KMV og VBS tok slutt, pakka vi solkremen og satte kursen mot Puerto Vallarta. Ekte ferieby med ekte turistar og ekte turistprisar, så langt frå kvardagen i Tepic du kan kome. Latskap langs bassenget og på stranda, femstjerners hotell med spa, dyrehage, 18 hols golfbane, m.m.







Dei fleste satte stor pris på å kunne slenge beina på bordet nokre dagar, gløyme kva klokka er og stå opp når ein sjølv vil. Kort fortalt kan eg nemne desse episodene frå fire dagar i "Paradise Village":
  • - Kjetil vann solbrent-prisen
  • - Jonas blei skikkeleg glad i basengbading
  • - Sæbjørn gløymte krana på badekaret og oversvømte rommet og gangen utanfor
  • - Silje og Birgitte hang i fallskjerm etter ein båt i 500 meters høgde
  • - Kjetil og Sæbjørn slo til saman 280 golfballar frå drivingrangen
  • - Clemente og Sæbjørn blei dradd ut mot havet av undergåande straumar og måtte reddast med båt
  • - Anne May møtte ei ekte landkrabbe
  • - Silje og Sæbjørn sat Noreg på kartet då dei vann både dame- og herreklassen av mageplaskkonkurransen i det store bassenget
  • - Silje fekk ein vodkabasert drink i premie

Ellers er vi no tilbake i Tepic, og det følest nesten som å kome heim. Dog heilt heime er vi ikkje enno. Turen tek til i morgon kveld, med buss til Mexico City og fly vidare sundag kveld.

Dersom du vil be for oss, treng vi sjølvsagt beskyttelse under heimreisa, og då spesiellt familien Breistein. Buss og fly er ikkje favorittaktiviteten når du heiter Jonas, er 1½ gammal og ikkje får eige sete. Be og for Colin i Canada, at han og familen og kjem trygt heim. Takk!

Her kjem nokre fleire bilete frå Kjetils kamera:


På veg ut i felten i van


Krokodillesafari


Skummelt og fint på ein gong


Undervisning for born


Nokon tok ei utflukt til Aarons ranch


Der prøvde vi zipline


Silje i fri flyt


Viva México!


Howdy!


Nokre amerikanarar gjer stas på oss


Slå på ringen (igjen)


Kunst på høgt nivå


Gruppebilete i hagen til Lili


Pastor Pocho


Frå kyrkja i Tierra y Libertad


Silje Sabeltann


Typisk setting under VBS


Gjenbruk av flasker


Kaptein Daltveit


Overlast er eit framandord i Mexico


Indianarborn


Aaron har draget

2 Kommentarar:

4:31 a.m., sa Anonymous Anonym

Sitter her med tårer i øyekroken og gåsehud nedover ryggen etter å få være litt med på det dere gjør!
Det er skikkelig rart å ikke være der sammen med dere. Har liksom spradet igjennom de samme fantastiske tingene dere gjør 3 år tidligere!
Regnet vel med at Shiten skulle ta solbrent prisen, men gleder meg til flassen som kommer når dere er hjemme!
Utrolig bra å høre litt fra Tierra som vi de årene vi var der har svettet mye for å få bygget. Litt sårende at Sæbbis kaller det for en garasje:-)Ekte norsk konstruksjon kalles det!!!!
Ellers GLEDER jeg meg vannvittig mye til å se dere igjen og ikke minst høre mere om hva Gud har gjort med hver enkelt av dere!
Gud velsigne hjemreise og siste dag i Tepic!
Hils alle kjente der nede fra Jorge!!
Love you guys!!!!!

 
10:54 p.m., sa Anonymous Anonym

FANTASTISK!!!!!!!!!
Har ikke ord!! Gjenopplever alt sammen! Høres helt ok ut.....! Blir så godt å se dere!
Så glad i dere!
Martine:)

 

Legg inn en kommentar

<< Tilbake