Team Randesund

27 juni, 2006

Testing 1, 2, 3 ...

Velkommen! Dette er bloggen som skal halde foreldre, vener og andre interesserte oppdatert om kva Team Randesund opplever i Mexico den neste månaden.

Eg heiter Sæbjørn, og har fått ansvaret for å skrive heim, eller rettare sagt: oppdatere denne bloggen. Vi får håpe de ikkje har problem med å lese nynorsk. Eg vil prøve å skrive nye innlegg så ofte eg kan, minst ein gong i veka, då nettstadar som mkirken.no og nmu.no skal bruke det eg skriv på sine sider.

Vi reiser i morgon, torsdag 29. juni, klokka 07:30. Så blir vi hovudsakleg i Tepic, Mexico, fram mot heimreise 31. juli.



Veldig hyggeleg dersom du følger med på denne bloggen, skriv nokre kommentarar, fortel andre om den, og sist med ikkje minst: ber for oss! Be mot sjukdom, konflikter og alt som hindrar oss i å møte Gud. Be for godt humør og pågangsmot, utfordringar og personleg utvikling, team spirit og Guds nærleik. Takk!

Det er freistande å skrive langt no, allerede, før vi har reist, men eg skal runde av med eit tips: eg kjem til å vere på internett langt meir enn dei andre på teamet. Dersom du vil kontakte nokon av oss er difor det kjappaste å skrive ein mail til team@legendarisk.com. Den kjem eg til å sjekke regelmessig, og skriv ut mailar som er til andre medlemmar av teamet. Ellers reknar vi med at kvar enkelt får sjekka mail maksimalt ein gong i veka.

Det var starten. I morgon reiser vi. Følg med!